Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning Nummerforvaltning Rapportering av nummerbruk til Nkom
Sist oppdatert

Rapportering av nummerbruk til Nkom

I samsvar med forskrift 16. februar 2004 om nummerressursar for elektroniske kommunikasjonsnett og tenester (nummerforskrifta) § 23, skal tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste som har fått løyve til bruk av 8-sifra nummerseriar av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), innan 1. februar kvart år gje rapport med oversikt over bruken av nummerseriane.

Nkom har behov for informasjon om nummerbruk for å kunne gjennomføre ei forsvarleg og effektiv forvaltning av nummerressursane både på kort og lang sikt.

Konkret kva rapporten skal innehalde, går fram av nummerforskrifta § 23 andre ledd bokstav a-h. Oversikt over bruken av tildelte mobile nummerseriar skal spesifiserast på titusengrupper. For geografiske nummer og staduavhengige nummer skal det rapporterast i høvesvis 100- eller 1000-grupper.

Send opplysningane til firmapost@nkom.no.