Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning Nummerforvaltning Overdraging, opphør og tilbakelevering av nummerressursar
Sist oppdatert

Overdraging, opphør og tilbakelevering av nummerressursar

Nummerressursar frå obligatoriske nummerplanar kan overdragast til andre tilbydarar etter løyve frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Ved opphør av verksemd skal ubrukte nummer og nummerseriar tilbakeleverast til Nkom.

I følgje nummerforskrifta § 10 krev overdraging av nummerressursar frå obligatoriske nummerplanar løyve frå Nkom. Nkom kan fastsette vilkår for slike overdragingar.

Ved opphør av verksemd skal ubrukte nummer og nummerseriar tilbakeleverast til Nkom. Ved opphør av verksemd som disponerer nummerseriar der nummer er utportert, kan Nkom påleggje andre tilbydarar som har innportert nummer å overta heile nummerserien.

Dersom viktige omsyn tilseier det og meir enn 50 % av numra i ein nummerserie er utportert til andre tilbydarar av offentlege elektroniske kommunikasjonstenester, kan Nkom overføre nummerserien til den tilbyder som har flest innporterte nummer innanfor nummerserien.

Finn Nkom det nødvendig å endre ein nummerplan, skal alle tilbydarar som har løyve til bruk av nummerressursar frå nummerplanen, gjere dei nødvendige endringane i systema sine innan ein rimeleg frist. Endring av nummerplan kan i samsvar med nummerforskriftas § 15 bl.a. gjerast for å:

  1. ha tilstrekkelege nummerressursar tilgjengeleg på kort og lang sikt
  2. reservere nummerressursar til andre formål
  3. omdisponere nummerressursar