Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning Nummerrelatert Geografisk flytting av nummer i fastnett
Sist oppdatert

Geografisk flytting av nummer i fastnett

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) innførte i 2007 ei opning for å kunne flytte geografiske nummer på tvers av fylkesgrenser. Ordninga er frivillig, og opninga for geografisk portering vart innført etter høyring og diskusjonar med teletilbydarane.

I samsvar med forskrift 16. februar 2004 om nummerressursar for elektroniske kommunikasjonsnett og tenester (nummerforskrifta) § 4 og 16 fastset og forvaltar Nkom nummerplan for telefon m.m. (E.164). Noreg har ei fylkesvis inndeling av dei geografiske nummera i nummerplanen. Nummerforskrifta § 16 viser den overordna inndelinga av nummerplanen, medan sjølve nummerplanen inneheld den fylkesvise inndelinga. Ved innføringa av ordninga med geografisk portabilitet i 2007 endra Nkom nummerplanen slik at geografiske nummer som alt er i bruk, blir tillatne flytte til eit anna fylke.

Den frivillige innføringa kravde ingen endringar i nummerforskrifta, men forskriftsendringar må gjerast dersom tvungen innføring skal gjerast på eit seinare tidspunkt. I fyrste omgang er det gjennomført ei enkel og lite tidkrevjande ordning, og det er opp til den enkelte tilbydaren å avgjere om han vil tilby geografisk flytting til sine kundar. Nummerseriar vil framleis bli tildelte i samsvar med den fylkesvise inndelinga og vil måtte implementerast som før.

Det er føresett at dei tilbydarane som tilbyr geografisk flytting framleis oppfyller alle andre krav i regelverket.

Nkom har i samband med geografisk portering ikkje gjort endringar i tildelingspolitikken for nummerressursar. Ein held fast ved fylkesinndelinga i nummerplanen, og oppsagte nummerressursar skal tilbakeførast til opphavleg fylke og opphavleg tilbyder.