Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan Nummer for innsamlingar
Sist oppdatert

Nummer for innsamlingar

Etter initiativ frå bransjen er det sett av ein egen nummerserie til bruk for pengeinnsamlingar over telefon (fellesfakturerte tenester). Nummera går under kortnemninga givarnummer. Ein slik eigen serie for innsamlingar vil medverke til ein meir oversikteleg situasjon, ved at innsamlingar vert skild frå andre fellesfakturerte tenester. Då vert det òg enklare for givarar å kjenne att givarnumra. Det er sett av 10 000 nummer i 822-serien for dette formålet. Tilbydarar kan søkje om tildeling av givarnummer. Organisasjonar som ønskjer å nytte slike nummer må ta kontakt med sin tilbydar.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) sendte eit informasjonsbrev om den nye nummerserien til tilbydarane 21. april 2015. Bakgrunnen for eigen nummerserie for innsamlingar er at det ikkje skal krevjast meirverdiavgift (mva.) ved mottak av reine gåver. Tilbydarar kan derfor fakturera mottekne beløp utan å rekne med mva., så lenge givar ikkje får ei motyting. Tidlegare har ein brukt nummer i 820-serien til innsamlingar i tillegg til andre fellesfakturerte tenester. Då det framleis skal reknast mva. av ordinære fellesfakturerte tenester, vil det gi ein meir oversikteleg situasjon no når givarnummer er skilt ut i ein eigen nummerserie.

Nummerserien for innsamlingar inneheld 10 000 nummer, fordelt på fem kategoriar. For kvar kategori er det satt ein sum. Dette er summen innringar vil bli trekt over sin telefonrekning ved å ringa eit nummer i den aktuelle kategori, og som vert gitt i gåve til organisasjonen som driftar innsamlinga.

Kategori 1: 822 00 000-822 01 999        Sum: Kr 100,-
Kategori 2: 822 02 000-822 03 999        Sum: Kr 150,-
Kategori 3: 822 04 000-822 05 999        Sum: Kr 200,-
Kategori 4: 822 06 000-822 07 999        Sum: Kr 250,-
Kategori 5: 822 08 000-822 09 999        Sum: Kr 300,-

Vilkår for tildeling og bruk

Før tilbydar tildeler eitt eller fleire givarnummer til ein organisasjon skal organisasjonen stadfeste overfor tilbydar at innsamlinga som er planlagt gjennomført via det aktuelle nummer er ei innsamling kor givar ikkje får noko motyting, slik at det ikkje dreier seg om omsetning etter meirverdiavgiftslova § 3-1, første ledd.

I tillegg til stadfesting frå innsamlingsorganisasjonen, må tilbydar før han tildeler nummer, kontrollera at organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret. Frivilligregisteret er oppretta etter initiativ frå dei frivillige organisasjonane. Med registrering av informasjon om den frivillige aktiviteten i Noreg blir samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter betre og enklare. Dersom organisasjonen som søkjer om nummer ikkje er registrert i Frivilligregisteret, skal tilbydar forsikra seg om at det ligg føre fråsegn frå ekstern revisor om tilfredsstillande rekneskaps- og kontrollfunksjonar, jf. ekomforskrifta § 5a-4. Er dette ikkje tilfellet, skal organisasjonen ikkje tildelast givarnummer.

Tilbydarar kan søkje om givarnummer ved å bruke vanleg søknadsskjema for nummerressursar. Givarnummer vil bli tildelt i grupper på 100 frå den enkelte kategori. Nkom oppmodar til gjenbruk av nummera, for å medverke til ei effektiv ressursforvaltning. Ein organisasjon kan bruke nummer frå forskjellige kategoriar til same innsamling. For tilbydarar vil årleg gebyr for givarnummer falle inn under betalinga for 8-sifra nummer i 8XX-serien, jf. forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet § 3, første ledd, punkt 1 a.

Oppheving av innsamlingsregistreringslova

Ved lanseringa av givarnummer satt ein som vilkår for tildeling at innsamlingsorganisasjonen var registrert i Innsamlingsregisteret. Med det mål å forenkla regelverket og byråkratiet for organisasjonar og leggje til rette for bruk av Frivilligregisteret, lanserte Regjeringa ved Kulturdepartementet eit forslag om å oppheva innsamlingsregisteringslova. Stortinget vedtok oppheving 9. juni 2015. I tråd med dette har Nkom no endra vilkåret for tildeling av givarnummer til registrering i Frivilligregisteret.