Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan 8- og 12- sifra nummerseriar
Sist oppdatert

Tildeling og bruk av 8- og 12-sifra nummer

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) kan gi løyve til bruk av 8-sifra og 12-sifra nummerseriar til tilbydar av offentleg elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste etter søknad. Tilbydar kan tildele slike nummer vidare til sluttbrukarar og andre tilbydarar. Den 12-sifra nummerserien 58 xx xx xx xx xx nyttast for maskin-til-maskin-kommunikasjon.

I følgje forskrift om nummerressursar for elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (nummerforskrifta) § 6 stiller Nkom krav til opplysningar frå søkjarar. Søknad om nummerressursar skal innehalde opplysningar om blant anna:

  1. søkjarens namn, adresse, organisasjonsnummer, og namn, telefonnummer og e-postadresser til kontaktperson
  2. nummerressurs det søkjast om
  3. skildring av tenesta nummerressursen skal brukast til
  4. dokumentasjon av ressursbehov
  5. planlagt dato for start av tenesta
  6. tilbydarkode som skal tilordnast nummerressursen det søkjast om.

Obligatoriske nummerplanar skal nyttast dersom ein brukar nummerressursar frå desse for å tilby tilgang til elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste.

Nummerressursane skal brukast på ein effektiv måte.

Dersom endringar i opplysningar om tilbydar gjeve i søknaden, skal Nkom snarast mogleg informerast.

Referanse Database AS (NRDB) har oversikt over alle nummer som er flytta mellom tilbydarar (mobilnummer, geografiske, stadsuavhengige og 5-sifra nummer). All kommunikasjon mellom tilbydarar for å flytte slike nummer (både inn og ut) vert i dag handsama gjennom NRDB.

Skjema