Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Marked Nummerforvaltning E.164 Nummerplan 4-sifra nummer for prefiks (15xx)
Sist oppdatert

Tildeling av prefiks for val av tilbydar av offentleg telefonteneste i Noreg

I nasjonal nummerplan for telefon (E.164) er nummerserien 1500-1549 reservert til bruk for 4-sifra prefiks for val av tilbydar av offentleg telefonteneste.

Innleiing

Telenor er peika ut som tilbydar med sterk marknadsstilling i sluttbrukarmarknaden for fasttelefoni (marknad 1) og pålagt særskilte forpliktingar i denne marknaden. Blant anna er Telenor pålagt å tilby fast føreval og føreval ved bruk av prefiks. Dette inneber at ein sluttbrukar som er kopla til Telenors fastnett skal kunne velje ein annan tilbydar for heile eller delar av trafikken. Val av tilbydar skal kunne gjerast pr. samtale ved bruk av eit prefiks som blir sett framom det ordinære telefonnummeret. Dersom eit slikt prefiks blir brukt, skal samtalen rutast til den tilbydaren som blir identifisert ved det valde prefiks, føresett at avtale om denne typen samtrafikk er inngått mellom dei tilbydarane det vedkjem.

Prefiksverdiar og bruken av dei

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har sett av 50 prefiks med lengd fire siffer i nasjonal nummerplan. Prefiksverdiane er i intervallet frå og med 1500 til og med 1549.

Prefiks blir tildelte til tilbydarane av offentleg telefonteneste. Prefikset kan brukast for samtalar både innanlands og til utlandet. I samband med tildeling vil Nkom stille krav til at prefikset blir sett i kommersiell drift innan ein viss frist, normalt mellom 6 og 12 månader etter tildeling. Dersom dette ikkje skjer, vil Nkom kunne drage attende eit tildelt prefiks.

Eit tildelt prefiks kan brukast ved at ein sluttbrukar slår den aktuelle prefiksverdien framom det vanlege telefonnummeret. Døme: Dersom ein tilbydar av offentleg telefonteneste er tildelt prefiksverdien 1525, vil sluttbrukaren kunne velje denne tilbydaren på slik måte:

  • Innanlands samtale til tenkt abonnent i Oslo: 1525 22 33 44 55
  • Utanlands samtale til tenkt abonnent i Danmark: 1525 00 45 66 77 88 99

Krav til informasjon frå søkjarar

Søknad om prefiks skal innehalde desse opplysningane, jf. nummerforskrifta § 6:

  • namn, adresse, organisasjonsnummer til søkjaren, attåt namn, telefonnummer og e-postadresser til kontaktperson,
  • ynskt prefiksverdi, eventuelt ei prioritert liste av alternative prefiksverdiar,
  • kortfatta skildring av kva tenester søkjaren planlegg å tilby ved hjelp av prefikset,
  • planlagt dato for igangsetjing av tenesta.

Gebyr for tildeling og bruk av prefiks

Nkom krev inn eit årleg gebyr for retten til å disponere eit prefiks for val av tilbydar av offentlig telefonteneste. Gebyret skal dekkje utgiftene Nkom har knytte til forvaltninga av dei aktuelle nummerressursane og tilhøyrande tilsynsverksemd på området. Det årlege gebyret for eit prefiks er kr 3.000.

Adresseinformasjon

Søknader om prefiks skal merkjast "Søknad om prefiks for val av tilbydar av offentleg telefonteneste" og sendast til:
firmapost@nkom.no

eller

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Postboks 93
4791 Lillesand