Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Jobb i Nkom Ledige stillinger Frekvensingeniør
Sist oppdatert
Stillingsannonse-banner2

Frekvensingeniør

03.01.2017
Regjeringa gjev Nkom ansvaret for arbeidet med forvaltinga av satellittjordstasjonar på Svalbard og i Antarktis. Vi styrker no arbeidet med dette fagfeltet, og leiter etter ein engasjert frekvensingeniør til teamet vårt.

Vi ser etter deg som har evne til å sjå heilskap og samanhengar som bidrar til effektiv bruk av disse ressursane. Du blir del av eit fagmiljø som jobbar med teknisk planlegging og oppfølging av frekvensressursane i Noreg. Du får forvaltningsansvar og oppgåver knytt til jordstasjonar i dei polare områda, men skal også arbeide med stasjonære og mobile radiosystem. Døme på slike er satellittsystem og offentlege mobilnett. Du får delta i internasjonale fora der viktig framtidsretta arbeid skjer.

Frekvensavdelinga har ansvar for å planlegge, tildele og føre tilsyn med bruken av dei norske frekvensressursane. I avdelinga er vi 46 engasjerte medarbeidarar med teknisk, juridisk og økonomisk kompetanse. Hjå oss får du jobbe innanfor eit område i utvikling. Vi har utfordrande arbeidsoppgåver i eit særs godt, travelt og utviklande fagmiljø.

Vår nye frekvensingeniør skal jobbe i seksjon for planlegging.

Arbeidsområde:

  • planleggje og tildele frekvensressursar til ulike typar radiosystem, med særleg ansvar for løyve til bruk ved jordstasjonar på Svalbard og i Antarktis
  • følgje opp tildelingar og ha tilsyn med vilkår i tildelte frekvensløyve 
  • koordinere frekvensressursar på tvers av landegrenser
  • fremma Noregs interesser i nasjonale og internasjonale fora
  • det kan også vere aktuelt å delta på tilsyn i dei polare områda

Kvalifikasjonar:

  • fortrinnsvis mastergrad innanfor eit relevant fagområde (radiokommunikasjon, teleteknikk, satellitt-teknologi eller liknande)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy
  • det er ynskjeleg med erfaring innanfor dei relevante fagområda
  • det er ynskjeleg med erfaring med prosjektleiing

Personlege eigenskapar:

  • evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • initiativrik, open og omgjengeleg
  • analytisk, strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert 
  • evne til å arbeide nøyaktig og ryddig både sjølvstendig og i grupper
  • humørfylt og uredd, god arbeidskapasitet og kunne vera pådrivar
  • god til å dela innsikt og kompetanse

Stillinga er lønna som senioringeniør frå kr 512 700 (lønnstrinn 60) til kr 655 300 (lønnstrinn 73), avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Nyutdanna kan også søkje, og vert då lønna som overingeniør frå kr 470 000 (lønnstrinn 55) til kr 563 500 (lønnstrinn 65).

Frå lønna trekkast to prosent innskott til Statens pensjonskasse.

Stillinga krev at du blir klarert etter tryggingslova.

Kontakt gjerne seksjonssjef Bent André Støyva på 22 82 48 33/908 89 955, bst@nkom.no eller avdelingsdirektør John-Eivind Velure på 22 82 48 27/957 48 447, jev@nkom.no for ein prat om stillinga.

Vi ynskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Søk jobben innan 22. januar 2017.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om du har reservert deg mot å stå på offentleg søkarliste. Du vil bli varsla dersom ønsket ditt om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.