Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Forbruker Sikkerhet Sikkerhet og beredskap Skadar i mobilnettet
Sist oppdatert

Skadar i mobilnettet

Iblant kan naturhendingar som ekstremver, flaum og skred skade kablar for elektronisk kommunikasjon. Ein slik kabel kan føre trafikk frå fleire elektroniske kommunikasjonstenester samtidig. Skadar på infrastrukturen kan det ofte ta tid å reparere.

Dette kan du gjere for å få oversikt over omfanget:

  • Søk etter informasjon om driftsforstyrringar på nettsidene til tilbydaren din.
  • Mange tilbydarar nyttar sosiale medium som Facebook og Twitter aktivt ved driftsforstyrringar.
  • Kontakt kundeservicen hos tilbydaren din per telefon dersom det lèt seg gjere. Hugs at det kan vere lang ventetid når pågangen er stor.
  • Nettaviser er vanlegvis raskt ute med informasjon når det skjer større utfall.