Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Forbruker Forbrukerportaler Om forbrukerportalene Nettfart.no
Sist oppdatert

Om Nettfart.no

Nettfart.no er ein nettstad der du kan måle kapasiteten på breibandslinja di, og lære meir om breibånd. Nettstaden vitjas omlag 135 000 gonger kvar månad.

Nettfart.no er eigd av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), som har tilsyn med ekombransjen i Noreg. Dette vil seie at vi mellom anna har tilsyn med dei selskapa som sel breiband, telefoni osv.

Med Nettfart.no kan du måle breibandslinja di, og samanlikne resultata med andre målingar av det same abonnementet som du har. Nettfart.no er ikkje meint som ei anbefaling eller fraråding av einskilte tenester eller selskap.

For å få eit korrekt resultat, er det viktig at du utfører målingane etter anbefalingane for å fjerne flest mogleg feilkjelder. Gå gjennom sjekklista på Nettfart.no her. Om du etter å ha fjerna alle feilkjelder framleis meiner at abonnementet ditt ikkje leverer som forventa, må du kontakte leverandøren din om du vil klage.

Når du måler med Nettfart.no, bruker tenesta IP-adressa di for å sjå kva for tilbydar du bruker. Tenesta vil og prøve å stadfeste kva for fylke du måler frå. Så snart denne informasjonen er klar, vert IP-adressa sletta og ingen informasjon om deg vert lagra.

Har du spørsmål om Nettfart.no? Kontakt oss gjerne på nettfart@nkom.no.