Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Forbruker Brosjyrer Stråling Stråling frå elektronisk kommunikasjon
Sist oppdatert

Brosjyre om stråling frå elektronisk kommunikasjon

Blir du varm på øyret når du bruker mobilen, kjem det ikkje av stråling, men av varme frå batteriet og elektronikken i telefonen. Dette og anna kan du lese meir om i ei ny brosjyre om stråling frå elektronisk kommunikasjon.

Brosjyra er laga av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Statens strålevern. Der finn du informasjon om stråling frå mobiltelefonar, trådlause ruterar og basestasjonar (mobilantenner).

Nkom måler stråling frå elektronisk utstyr, medan Statens strålevern stør seg til desse måleresultata, og gjev helseråd. Det er strenge grenseverdiar for kor mykje stråling trådlaust utstyr kan gje frå seg. Desse grensene er anerkjent av Verdas helseorganisasjon og norske styresmakter følgjer desse tilrådingane. 

Resultata av ei lang rekkje målingar gjev tryggleik for at vi i kvardagen blir utsette for låge nivå av stråling frå elektronisk kommunikasjon.

Brosjyren finner du i høyre kolonne.