Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Forbruker Breiband Breiband Har du krav på breiband?
Sist oppdatert

Har du krav på breiband?

Telenor eig kopparnettet (”telefonnettet”) i Noreg og har plikt til å levere telefonsamband til bustader og bedrifter.

Denne plikta gjeld ikkje for andre produkt, som til dømes breiband, verken for Telenor eller andre leverandørar. Telenor kan likevel produsere taletenesta over alternative teknologiar til den vanlege kopparkabelen.

Du har derfor ikkje krav på å få lagt breiband til bustaden eller arbeidsplassen din.

Fleire alternativ for breiband

Sjekk på Telepriser.no om andre leverandørar kan tilby ADSL eller anna type breiband, om du har fått nei frå ein leverandør. Mange leverandørar sel óg breiband via andre teknologiar enn vanleg telefonkabel. Eksempel er via kabel-TV-nett, fiberkabel, mobilt breiband eller satellitt. Sjå her for ei nærare teknisk forklaring. Slike teknologiar kan ha dekning i område der det ikkje er bygd ut ADSL.

Sjekk derfor Telepriser.no for å finne ut kven som kan levere i ditt fylke, og ta kontakt med den enkelte leverandøren for å finne ut om akkurat ditt bustadområde kan få breiband.