Her kan du lese rapporten EkomROS 2020 i bladbar versjon

Tilliten til ekomtenester er høg

- Då Noreg vart «stengd ned» ned 12. mars 2020 som tiltak mot koronapandemien, kom òg ei ny utfordring. Ein viktig del av omstillinga har vore å ta i bruk internett-baserte digitale løysingar. Sjølv med plutseleg trafikkauke og behov for omstilling av eiga drift, så klarte ekomaktørane å oppretthalde stabil drift og kapasitet i den digitale grunnmuren, seier fungerande direktør John-Eivind Velure i Nkom, med ros til bransjen. Noreg vert rekna for å være blant landa i Europa som er best på digitalisering.

- Samstundes opplever vi at tilliten til elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester (ekomtenester) stadig vert utfordra, gjennom alt frå utfallshendingar til telefonsvindel og utpressingsforsøk, og risiko for avansert digital etterretning, fortel sikkerheitsdirektør Elise K. Lindeberg i Nkom.

Vurdering av risikoområde for komande år

Rapporten EkomROS skal bidra til å skape forståing for risikobiletet i den digitale grunnmuren i Noreg. Målgruppa for rapporten er difor både aktørar i ekomsektoren og i andre sektorar der elektronisk kommunikasjon har betyding for eige sikkerheits- og beredskapsarbeid. 

Sikre kjernefunksjonar på internett

- Internett vert eit stadig meir sentralt ledd i verdikjeda for fleire kritiske tenester i samfunnet. I åra framover vert det difor endå viktigare å sikre at Noreg har ein underliggjande kapasitet, funksjonalitet og samtrafikk på internett som sikrar oss også i ekstraordinære situasjonar, seier sikkerheitsdirektør Lindeberg.

Risikohandtering i komplekse verdi- og leveransekjeder

Elektronisk kommunikasjon inngår i stadig aukande grad som eit viktig verkemiddel for etterretnings- og trusselaktivitet i og mot Noreg. Den digitale grunnmuren er òg eit mål i seg sjølv for trusselaktørane. Den auka kompleksiteten i verdi- og leverandørkjedene skaper nye sårbarheiter som vil utnyttast av desse. Ikkje minst må vi ha merksemd på dette når det nye 5G-økosystemet vert bygd opp.

Med innføring av 5G og andre trådlause teknologiar ventar vi også stor vekst i talet på einingar som skal kommunisere trådlaust. Det vil krevje auka merksemd på sårbarheiter knytt til dataintegritet og konfidensialitet, radiointerferens, jamming og spoofing. 

Sikre og styrke fysisk infrastruktur

Nkom vil òg understreke at det er viktig at sektoren held fram arbeidet med å styrke den fysiske infrastrukturen i takt med auka påkjenning frå naturen si side. Samfunnet forventar no at kommunikasjonstenester er tilgjengelege til ei kvar tid, og ikkje minst når vi blir råka av naturhendingar som uvær, skred og flom.